Er 2014 det året cd-albumet døydde? Blir «OSS» det siste albumet frå Reinlund? Blir det berre digitale slepp av enkeltlåtar eller eit knippe låtar etter dette? Må vi gi opp tanken om konseptet, eller finne andre og digitale måtar å ta vare på det konseptuelle som LP og CD gav oss? Sjekk interessant artikkel i Dagbladet.

Men nei, vi trur ikkje heilt det. Vi trur det ikkje før vi ser det. Og då ser vi truleg noko anna. Kanskje noko vi ikkje heilt anar kva er enda.

Kva handlar tekstane om? Ein journalist spør. Eg håper sjølvsagt at fleire journalistar vil spørje om både det eine og andre når nytt album kjem ut, men det kan vere vanskeleg å svare. Ti tekstar handlar om så mykje. I avisa er det plass til så lite. Og det er fint om tekstane får leve sitt eige liv.

Kvifor tittelen «OSS»? Det enkle svaret, om at albumet handlar om «oss», blir i enklaste laget. Dei lange tankerekkjene fungerer også dårleg, blir fort svada eller vanskeleg å gripe. Etter kvart lærer ein seg nokre setningar som er midt i mellom, som ikkje er så vanskeleg å seie.

Kvifor lagar du dyre studioinnspelingar og fysiske album når så få kjøper cd? Ja, det kan verke tullete. Truleg har folk flest aldri høyrt meir musikk enn no, og aldri betalt mindre. «Det er dyre visittkort», som trompetist Tore Johansen sa det ein gong. Så kvifor? Gleda ved å skape. Å ha noko på hjarte. Lyst til å dele. Meinigsfullt å formidle. Utøve eit handverk, gjere det vi kan. Tilbakemeldingar frå publikum, som liker det vi gjer.

Det kan vere vanskeleg å seie, men takk for at du spør.