Gamalt på nytt er nytt så det held

Eg var tilbake på Teaterfabrikken i Ålesund i kveld. Sist veke hadde vi releasekonsert her. I kveld var eg publikum på konsert med glitrande Come Shine. Eg har fulgt bandet sidan første plata deira kom i 2001. Håkon Mjåset Johansen på trommer i Come Shine, er trommis også i bandet mitt gjennom mange år.

Men for eit flott orkester Come Shine er! Eg lar meg begeistre og forføre både av det heftige og det meir lyriske, ikkje minst det utforskande og leikne, og alltid groovar det. Dei fire musikarane held eit skyhøgt nivå både kvar for seg og saman. Innimellom bølgene av vilt og vakkert, tar eg meg i å analysere og vurdere, både det dei leverer musikalsk og korleis konseptet og låtane fungerer eller kommuniserer med meg og resten av publikum.

Come Shine gjer som så mange andre jazzband, dei spelar i hovudsak låtar som publikum kjenner, enten materialet er frå jazzens standardrepertoar, eller dei plukkar nyare låtar og gjer dei til sine eigne. Det er tolkingane og musiseringa som er det unike. Og eg tenkjer, for ein stor skilnad det er å spele kjend stoff versus å presentere nye låtar. Etter plateslepp sist veke er det nærliggande å kjenne på skilnaden. Eg kjenner lyst til å gjere standardlåtar, prøve det, men veit at mi greie er nettopp å lage nye tekstar og melodiar, og å opptre med desse. Etter kvart blir det også slik at eit publikum som har fulgt ein artist gjennom nokre år og album, alltid vil få effekten av gjenkjenning, også på konsert med han som skriv låtane sjølv.

Men det er deilig, å høyre kjende ting, å kunne tekstane og melodiane, låt etter låt, live i nye og overraskande klesdrakter. Gamalt på nytt er nytt så det held. Og då er Come Shine «ein av favorittane mine», for å seie som ho brukar å seie, den kvinnelege dommaren i ein eller anna artistkonkurranse på fjernsyn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s