Etter midnatt i godt lag

Det er gjerne då dei kjem fram. Etter midnatt i godt lag. Dei gamle LP-ane, som står stabla i trappeavsatsen. Passar på at gode album står fremst. Fine cover og artistar som eg har eit forhold til. Og ut på natta skjer det, eit par gonger i året kanskje. Eg står fram i natta som DJ og quizmaster.

Og når oppmodinga om å lage liste over viktige album dukkar opp i fjesboka ser eg opp i trappa igjen. Jo, eg kan godt lage ei liste. Nokre lagar lister over kva musikk som betydde mykje for dei i tenåra, andre oppmodingar har ikkje slike grenser. Lista mi blir mest umuleg å lage om eg ikkje kjem med ei avgrensing.

Her er 10 album (pluss fem) som betydde mykje for meg i alderen ca. 15 til 20 år, frå ca. 1981 til 1986. Ja, dette er mitt 80-tal, men også musikk som har forma og inspirert meg som musikar i tiåra etterpå:

Mitt første platekjøp.

1. Paul Simon, Still crazy after all these years (1975)

Eg var femten år og utan peiling. Likevel var dette mitt første platekjøp. Flaks. Eit album som blei legendarisk. (I mars 2015, 40 år etter at dette albumet kom ut, er vi klare for konsert med Paul Simon saman med Sting i Oslo Spectrum.)

2. David Darling, Cyclus (1982)

Kan ikkje hugse korleis eg kom over dette albumet, men det tok meg fullstendig. Det gjer det framleis. Cellisten David Darling har med seg Jan Garbarek, Oscar Castro-Neves, Arild Andersen, Collin Walcott og Steve Kuhn. ikkje minst har pianisten Kuhn vore til stor inspirasjon. Dette er eit ECM-album, det plateselskapet som er representert med flest album i samlinga mi.

3. Jan Garbarek, Places (1978)

Det var i Sola kulturhus, at eg svende stille over benkeradene. Trur det var i 1985 eller 86, då eg første gongen høyrde Jan Garbarek Group live. Hadde lytta til musikken hans i nokre år allereie. Kanskje Places frå 78 er favorittalbumet. ECM sjølvsagt.

4. Bjørn Eidsvåg, På leit (1984)

Han snakka til meg og om meg på ein måte som ingen hadde gjort før. Eidsvåg på leit. Eg har fulgt han frå bakerste benk og fram til i dag. Var viktig for meg og mange av oss i ei tid med ein fot på bedehuset og ein annan utanfor.

5. Pink Floyd, The dark side of the moon (1973)

Eg har sjølvsagt mange Pink Floyd-album. Lytta kanskje mest på dette. Som så mange andre har gjort og framleis gjer.

6. Donald Fagen, The Nightfly (1982)

Det første soloalbumet til Fagen var så delikat, perfeksjonert, vakkert og fullt av vellyd at det danka ut mest alt anna ein periode. Eg kjøpte også albuma til bandet Steely Dan, som Fagen var sentral i på 70-talet. Albuma Katy Lied, Aja og Gaucho heng høgt.

7. Sting, The dream of the blue turtles (1985)

Her er mange sterke album, både frå Police og Sting. Han var ein av favorittane nokre år ja. «Nothing like the sun» i 87 blei også mykje spelt.

8. Al Jarreau, Jarreau (1983)

Al Jarreau er den vokalisten eg sette høgast i mange år. Har dei fleste albuma hans, frå 1976 til ut på 90-talet.

9. Miles Davis, In a silent way (1969)

Vi kjem ikkje utanom Miles Davis. Ca. 30 album i perioden 1945 til 1991, stadig utforskande og grensesprengande. Eg har kanskje 5-6 av platene. «In a silent way» var og er blant hans flottaste album, meiner eg.

10. Genesis, Seconds out (1977)

Dempa lys, mykje volum, ingen ting vi skal, berre la musikken fylle rommet og sinnet. Dette live-albumet frå Genesis spelte eg mykje i 16-20-årsalderen. Har fleire Genesis-album sjølvsagt, men dette er heilt konge. Kunne også tatt med nokre av soloalbuma til Genesis-gutta Peter Gabriel og enda meir Phil Collins.


Er eg i mål med ti album allereie? Her er så mange fleire artistar, band og album som var viktige for meg i denne dannande fasen av livet. Eg tar med fem til:

11. Keith Jarreth, Conserts – Bregenz, München (1982)

Kort og godt den pianisten eg har lytta mest til, og som eg set høgast. Live-albuma hans har vore og er til stor inspirasjon og har gitt musikalske opplevingar langt inn i det hinsidige.

12. Jon Eberson Group, Stories (1985)

Dette er eit flott album. Er også begeistra for det første albumet deira «Jive talking (1981) sjøvsagt. Eg hadde gleda av å intervjue bandet for Rogalands Avis i 85. Vokalisten Sidsel Endresen har eg fulgt med interesse og beundring sidan den gong.

13. YES, 90125 (1983)

Det er ikkje mykje progressiv rock på albumlista mi, men engelske YES blei spelt ein del. Hiten «Owner of å lonely heart» hugsar vi best, men her er mykje anna bra.

14. Terje Rypdal, Chaser (1985) 

Igjen er vi i ECM-landskapet. Saman med Arild Andersen, Jon Christensen og Jan Garbarek med fleire var Terje Rypdal med på å utvikle og etablere dette norske og nordiske uttrykket på det tyske plateselskapet. Chaser blei spelt høgt og mykje ein periode.

15. Sondre Brattland, Pilegrimens Sangbog (1982)

Det er desse gamle songane, med sterke melodiar og tekstar, denne litt skjøre og på same tid veldig trygge stemma til Bratland, og ikkje minst orgelarrangementa til Iver Kleive. Fantastisk flott. Det var også her eg for alvor oppdaga Kirkelig Kulturverksted med alt godt som skulle kome derifrå etter kvart.

Då gir vi oss. Nok prat. Vi set på eit godt album heller. Det er over midnatt, og tid for slikt.

4 Comments

Kommenter innlegget

    • Når ein går tre år i same klasse på musikklinja på vgs, kan ein fort få nokre felles referansar ja. Trur også vi skal sende ein tanke til godaste klassekamerat Sigbjørn Apeland, som introduserte meg for mykje fin musikk.

      Likar

  1. I begynnelsen av 80 tallet var søndagsturen fra Skudenes til Sevland tradisjon. Mitt to år eldre søskenbarn hadde fått seg NAD forsterker, og var ivrig DJ husker jeg. Gode minner. Så Ole ble nok viktig for utviklingen av min egen musikksmak. Derfor slipper jeg å lage en egen liste, jeg bare adopterer denne. En liten endring for min del, Nr 8 og Nr 12 bytter plass. Og så sees vi kanskje på Simon/Sting konserten? Mvh Robert

    Likt av 1 person

    • Ei fin tid det Robert. Eg hugsar faktisk lukta av både høgtalarane, forsterkaren og platespelaren. Kjøpt for konfirmasjonspengane hos Helgelands Musikk i Haugesund. Stor stas. Og musikkpåverking går gjerne begge vegar. Når eg no på albumet «OSS» har gjort min versjon av Kenneth Sivertsens «Boaskjer», er det fordi du meinte eg burde gjere det. Takk skal du ha! Eg har billettar til Simon/Sting ja, så då håper eg vi sjåast! Helsing Ole

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s