Med låten «Eit liv i revy» vil eg ønskje alle alt godt i 2015. «Fortida er framtida sin utsynsstad», meiner eg å hugse at historieprofessor Knut Kjeldstadli skreiv ein gong. «Ser i album – ser i speil».

For meg er 2015 også eit jubileumsår. 20 år sidan første CD-album, med bandet ole og dei. Og for ikkje å gløyme 20 år sidan eg første gongen blei pappa, og faktisk 30 år sidan eg møtte ho som blei kona mi. Verd å feire alt saman.

Eg kjenner meg priviligert på mange vis, og takkar alle som var der i 2014. Familie, venner og kollegaer, det flotte bandet mitt, tekstforfattarane som bidrog på albumet «OSS», konsertarrangørar og ikkje minst publikum i ulike delar av landet.

«Det va du og eg som ungar avgårde, i båten på veg øve ope hav…». Vi veit lite sikkert om dagane som kjem, men om vi kjenner båten og trivst på havet ser det gjerne lyst ut med nye mål og hamner i horisonten. Som musikar startar eg konsertåret på Antikvariatet i Trondheim 16. januar.

Vi sjåast, her eller der!