«Du trudde du seira»

Du-trudde-cover2

Det var forfattaren Dag Skogheim som gjorde meg merksam på dei to dikta av Anna Sophia Verbraeken. Ho skreiv dei i 1950, kort tid før ho døydde av tuberkulose, berre 23 år gamal. Eg har laga musikk til begge. Først kom «Jeg vet at der finnes» på albumet «For det var hit» i 2003. Endeleg kjem «Du trudde du seira».

4. desember i år døydde Dag Skogheim, 87 år gamal. Som 14-åring blei han sjølv råka av tuberkulose, men overlevde etter heile 11 år på senatorium. Forfattarskapet hans omfattar meir enn tretti verk, deriblant fleire dokumentariske bøker om tuberkolose.

Eg møtte Skogheim første gongen i 1997, då han var gjesteforelesar ved Forfattarskolen på Finnsnes. Der leste og fortalde han om bakgrunnen for dei to dikta til Verbraeken. Skogheim var opptatt av temaet sjukdom og kunst, korleis menneske i smerte og fortviling kan makte å skape stor poesi. Han var glad for at eg ville tonesetje dei to tekstane.

Begge dikta har mykje musikk i seg, men «Du trudde du seira» er så sterk kost at eg har nølt med å lande melodi og arrangement. Eg hadde lyst til å gi tekstane vinger, lyfte dei opp og fram og gjere dei kjende og tilgjengelege.

For meg har «Du trudde du seira» også blitt ei dagsaktuell påminning om alle dei som trur og håpar på eit betre liv, på flukt frå bomberegn og redsle. Mange får aldri realisert draumane sine.

«Du trudde du seira» blir tilgjengeleg på Spotify og Wimp/Tidal og andre strømmtenester i løpet av eit par dagar. Men allereie no kan du høyre låten på Soundcloud. Med meg har eg Gjermund Silset på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Opptaket er gjort i Øra Studio i Trondheim, og blir gitt ut av Øra Fonogram.

Helsing Ole

2 Comments

Kommenter innlegget

  1. Dei to siste sangane dine liker eg utruleg godt, Ole. Nyt å lytte til dei. Gler meg til fortsettinga!

    Ønskjer deg ei god adventstid og julefeiring.

    Klem fra Hege 14. des. 2015 kl. 18:57 skrev Ole Reinlund :

    > >

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget