Å bli vist rundt

Det skjer jamleg. Gjester i huset. Tilreisande vener på besøk. Rundtur på øyane. Blir vist rundt. Gjerne den same ruta kvar gong.

Du viste meg rundt_coverframside

Tittelmelodien på EP-en «Du viste meg rundt» kunne ha handla om dette. Coverbildet frå Kvalneset på Giske er tatt nettopp på ein slik rundtur med gjester. Men som ofte elles er tematikken heller dei to, som viser kvarandre rundt i tankar og kjensler.

Materialet på EP-en blei spelt inn for nokre år sidan, men har med eitt unntak aldri blitt gitt ut. «Victoria» var på ein fysisk EP med tittelen «Vegen tilbake». Det er fire låtar på innspelinga «Du viste meg rundt», pluss ein epilog.

Og låtane heng saman på eit vis. Eg liker raude trådar og den litt større forteljinga som trer fram når ein høyrer låtar i samanheng.

EP-en er eit gjenhøyr med nokre fantastiske musikarar. Nokre av oss spelte saman i mange år. Frode Nymo på saksofon, Steinar Raknes på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer, som framleis er med i bandet mitt. Vidare er Ingelin Reigstad Norheim sentral som korist, og Mathias Eick på trompet på «Victoria».

Takk til Vidar Lunden i Park Grammofon, som fann låtane fram igjen, miksa dei på ny og gir ut EP-en. I tillegg trakterer han nylonstrengsgitar på «Reisa vekk».

EP-en er gitt ut berre digitalt, og du finn musikken på alle streamingtenester. Tittelkuttet «Du viste meg rundt» kan du også høyre HER.

Det skjer jamleg. I kvar av desse låtane. Nokon blir vist rundt. Noko blir oppdaga. God reise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s