Biografi

«Eit liv i revy, tenk at det og var meg. Ser i album, ser i speil.»

Det er noko litt ubekvemt over å skrive sin eigen biografi, sjølv i kortversjon. Men det er fint å sjå tilbake. Eg er 66-modell og budde på Karmøy til eg var 19. Det gjekk mykje i musikk og fotball. Sidan blei det meir musikk enn fotball. Og øya? Jo, eg visste tidleg at eg kom til å flytte vekk, men eg hadde det godt og var glad i både folk og landskap. Det er eg framleis.

Eg har styrt med mykje. Oppsummert handlar det om media, musikk og skule. Eg har vore lærar og rektor, journalist, redaktør og dagleg leiar, og alltid frilans musikar.

Det starta med musikkskule og eit Sauter-piano i ein heim med mykje song og musikk. Mine første enkle komposisjonar blei til på musikklinja ved Skeisvang vidaregåande skule. Med norsk som favorittfag og lyrikaren Kolbein Falkeid som norsklærar, kom også dei første prøvande tekstlinjene. I studietida tok det gradvis av. Universitetsbiblioteka, både i Stavanger, Bergen og Trondheim, er gode stader å skrive. Mangt eit tekstutkast blei kladda på innsida av ymse bokomslag.

Frå og med cd-debuten med ole og dei i 1995, til og med albumet «Så langt» i 2019, har det blitt fem album med eige materiale. Og eg har mykje å takke flinke medmusikarar for. Først med bandet ole og dei i Trondheim. Øvingslokalet, låtane vi jobba ut saman, konsertar, turnéar og studioarbeid. Ein flott gjeng og ei viktig tid.

Sidan dukka dei to unge jazzmusikarane Håkon Mjåset Johansen (trommer) og Steinar Raknes (kontrabass) opp. Vi møttest første gong i år 2001 til øving i eit NRK-studio i Tromsø. Saman med eit knippe andre fantastiske musikarar har dei vore med på å skape det musikalske universet som eg har jobba innanfor sidan tusenårsskiftet. Eg nemner Frode Nymo (sax), Tore Johansen (trompet), Kåre Nymark jr. (trompet), Hayden Powell (trompet), Ole Morten Vågan (kontrabass), Gjermund Silset (kontrabass), Ingelin Reigstad Norheim (koring), og Oslo Strings med fleire. (Sjå Diskografi)

Eg har eit nært forhold til folkehøgskolen som skoleslag, og har jobba ved fleire. Særleg må eg nemne Forfatterskolen – Heimly folkehøgskole, der eg var rektor frå 1996 til 2001. Når eg ser tilbake på desse åra, er det mest som ei boble, hendte det verkeleg? Samtidig er dette prosjektet noko av det mest levande eg har vore involvert i. Å jobbe tett med mange av dei fremste forfattarane i landet, i tillegg til alle desse flotte, talentfulle, nokre skjøre og mange modige elevane, gjorde mykje med oss alle, også med meg som tekstforfattar. Det Spellemann-nominerte albumet «For det var hit» (2003) blei til i denne perioden.

Etter eit omflakkande tilvere med studium og ulike jobbar rundt omkring i landet, flytta vi tilbake til Valderøya utanfor Ålesund i 2003. Eg er gift med Oddfrid, og saman har vi barna Mathilde, David og Simen. I dag jobbar eg ved Ålesund videregående skole, og spelar så mykje er får tid til utover det.

«Ser i album, ser i speil.»

1 Comment

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s